Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen

Company

HeadquartersBergen, Norway
Websitehttps://uib.no

About Universitetet i Bergen

Kunnskap som formar samfunnet Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar. Vil du vere med å forme framtida? Seniorkonsulent Ved Geofysisk institutt er det ledig ei fast stilling knytt til studieadministrasjon og informasjonsarbeid. Dette er ei stilling med ansvar for administrasjon av Integrert masterprogram i energi (5-årig, sivilingeniør) og Masterprogram i energi (2-årig) ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Studieprogramma er koordinert og administrert frå Geofysisk institutt i nært samarbeid med dei involverte institutta og tett knytt opp til studieseksjonen ved fakultetet. Den som blir tilsett, får hovudansvar for å involvere dei ulike aktørane og leggje til rette for eit godt administrativt samarbeid på tvers av institutt og fakultet. Det er også eit tett samarbeid med dei andre 5-årige masterprogramma i sivilingeniørsatsinga ved fakultetet. Arbeidsoppgåver: Stillinga vil innebere varierte oppgåver innan studieadministrasjon, informasjonsarbeid og leiarstøtte. Arbeidsoppgåvene vil blant anna omfatte: Generell sakshandsaming innan studieadministrative saksfelt Informasjonsarbeid knytt til eige ansvarsområde (t.d. rekruttering) Studierettleiing, innpassing av ekstern utdanning, internasjonalisering Utvikling av rutinar og samarbeidsformar for dei nye sivilingeniørprogramma Koordinering med samarbeidande institutt og fakultetet Koordinering med eksterne partnarar og nettverk Sekretær for programstyret for dei to masterprogramma Som tilsett i administrasjonen, må ein ved behov ta del i generelle administrative oppgåver innanfor seksjonen sitt arbeids- og ansvarsområde. Universitetet i Bergen er ein organisasjon som i særleg grad må vere tilpassingsdyktig til endringar i omgivnadene, og må vere førebudd på å møte skiftande utfordringar. Den som vert tilsett, må difor vere førebudd på at arbeidsoppgåvene kan bli endra. Kvalifikasjonar og eigenskapar: Søkjarar må ha utdanning på mastergradsnivå, helst innan realfag Det blir lagt særleg vekt på relevant erfaring frå studieadministrativt arbeid. Erfaring frå offentleg forvalting og universitets- og høgskulesektoren. Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Relevant administrativ IT-kompetanse, særleg erfaring med systema FS og ePhorte. God skriftleg framstillingsevne på bokmål og nynorsk samt engelsk skriftleg og munnleg Evne til å ha oversikt, vere utviklingsorientert og tileigne seg ny kunnskap raskt Sjølvstendig og initiativrik Systematisk og løysingsorientert med god gjennomføringsevne Effektiv, fleksibel og serviceinnstilt Det blir lagt stor vekt på dei personlege kvalifikasjonane som er naudsynte for stillinga Vi kan tilby: Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 53 - 57 (for tida kr 472 000 - 504 700) i det statlege lønsregulativet. Medlemsskap i Statens pensjonskasse Gode velferdsordningar Generell informasjon: Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: administrasjonssjef Kristin Kalvik, [email removed], telefon 55582601. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Nærare om tilsettingsprosessen her. Om Universitetet i Bergen Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad. Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt. Søknadsfrist 19. mars 2020 Arbeidsgivar Universitetet i Bergen Kommune Bergen Omfang Heiltid Varigheit Fast Jobbnorge-ID 183638 Ledige stillingar - Universitetet i Bergen

Synonyms

universitetet i bergen

Technologies (from Job Ads)

valaunit4kubernetesautocadautodesk revitback orificecephitillinuxmicrosoft excelopenstackosvphptartan

Hiring Locations

CountryCityJob Ads
NorwayBergen1942
NorwayStavanger32
NorwayVestland5

Headquarters

Loading map...

Company Info

Job Ad Metrics

Job Ads found: 1979

Job Ads per Month: 50.7

Hiring Locations: 3

Data Info

Date of first job ad17.11.2019, 22:49
Date of last job ad04.06.2026, 22:00
Date merged12.06.2026, 09:09
Date created17.11.2019, 22:49

Sources: Careerjet, Finn, Indeed
 — Date merged: 12.06.2026, 09:09