Company
| Legal Name | Helse Vest IKT AS |
| Headquarters | Helle, Norway |
| Website | https://helse-vest-ikt.no |
Vi ser etter folk med erfaring innan kundeservice og IT, eller som har erfaring med innkjøp og/eller økonomi (SAP) - helst frå sjukehus eller helsesektor. Vi søker både konsulent på "generell" linje, men òg konsulent som ynskjer å verte spesialist innan programmet LIBRA, som er Helse Vest sitt nye innkjøps-, logistikk- og økonomisystem. Vårt kundesenter er både ein utfordrande og variert base, men òg springbrettet inn i resten av vestlandets største IT-selskap for dei av våre konsulentar som vil auke spisskompetansen sin. Som konsulent ved Kundesenteret gir du førstelinje brukarstøtte til alle pc-brukarar i Helse Vest, i eit miljø drive av resultat og suksessgrad. Oppdraga kjem inn via telefon, e-post og web, og målet er å svare minst 80 prosent av samtalane innan eitt minutt, og alle web-skjema innan éin time. Kundesenteret er ein høgkompetent servicedesk som løyser to av tre oppdrag ved fyrste kontakt, og nyttar ITILs Incident Management process. Kundesenteret er ope 24/7, følgeleg må noko arbeid på natt, kveld og helg påreknast. Varigheit: 12 månadar, med moglegheit for forlenging. Søknadar utan vitnemål eller attestar vert ikkje vurderte. Søknadsfrist: 13.04.2020 Arbeidsgivar: Helse Vest IKT Stad: Bergen Tittel: Kundesenterkonsulent - generell og spesialisert Heiltid / Deltid: Heiltid Tilsettingsform: Engasjement Stillingsprosent: 100 Webcruiter-ID: 4201225041 Stillingar: 3 Arbeidsoppgåver Kvalifikasjonar Erfaring frå brukarstøtte/kundekontakt God kjennskap til Windows10, og generell feilsøking Krav til flytande norsk munnleg og skriftleg Gjerne erfaring frå innkjøp, lager og økonomi IKT-fagleg utdanning, minimum fagbrev (relevant realkompetanse kan kompensere for manglande utdanning) Personlege eigenskapar Du likar å hjelpe folk, og bistå til ein enklare arbeidsdag Målretta og resultatorientert Gode samarbeidsevner, evne til å arbeide i team Initiativrik og evne til å arbeide sjølvstendig Gode kommunikasjonsevner Pålitelig og punktleg Vi tilbyr Interessante utfordringar med gode høve til fagleg og personleg utvikling Motiverte og kunnskapsrike kollegaer Godt sosialt miljø Løn etter avtale Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar
| Country | City | Job Ads |
|---|---|---|
| Norway | Bergen | 169 |
| Norway | Stavanger | 56 |
| Norway | Norge | 53 |
| Norway | Førde | 10 |
| Norway | Helle | 7 |
| Norway | Haugesund | 5 |
Loading map...
Legal Form: AS
Job Ads found: 300
Job Ads per Month: 9.4
Hiring Locations: 6
| Date of first job ad | 18.12.2019, 18:58 |
| Date of last job ad | 09.06.2026, 22:00 |
| Date merged | 12.06.2026, 02:37 |
| Date created | 18.12.2019, 18:58 |